Norrøn litteratur

Norrøn litteratur:
Om temasiden
Ordforklaringer
Litteraturen
Poesien
Sagadiktning
Snorre Sturlason

Poesien

Codex Regius (kongens bok) funne i 1643 av islandsk biskop. Ei av dei eldste skriftlege kjeldene me har frå den norrøne litteraturen. Innhald: Voluspå, håvamål, heltedikt og gudedikt som handla om Tor og Odin og dei andre gudane. Skrive ein gong på 1200-talet.

Eddadikt, gamal dikting skrive ned i munnleg form. Har gått på folkemunne til omkring frå år 800 til 1200 då dei vart nedskrivne. Det finnes to typar: gudedikt og heltedikt.

Voluspå var eit dikt som famnar heile livsløpet på jorda etter heidensk tankegang. Handlinga inneheld skapnaden, kampen mellom dei gode og vonde kreftene og undergangen, ragnarok. Diktet var lagt i munnen til ei spåkone, ein volve; altså Voluspå.

Håvamål er «den høge sin tale», altså Odins tale. Innhaldet i dette diktet er visdom om korleis menneske bør leva, oppføra seg med vener og fiendar, når man er gjest hos andre, og mange andre situasjonar.

Skaldekvad var dikt skrive av skaldar som var diktare. Skaldekvada handlar om ulike framståande personar som for eksempel Olav den heilage. Skaldekvada er i motsetning til eddadikt som var skrive av anonyme personar, dikta av navngitte personar.

Kjende skaldekvad-diktare er: Øyvind Skaldaspille (norsk) og Egil Skallagrimsson (islandsk).

Skaldediktninga vart teken opp i Snorre-Edda som ei lærebok. Ein kan tenkje seg til at Snorre gjorde dette fordi han såg at kristendommen luka vekk og fortrengde dei heidenske forestillingene. Ved å skrive orda ned på med blekk, visste han at kunsten kunne bli bevara.

Virkemiddel nytta i poesien:

    A. Fornydrislaga

      a. Kvar strofe har åtte linjer

      b. Kvar linje har to trykksterke stavelsar, to toppar.

      c. To og to linjer vart bunde saman med allitterasjon mellom dei trykksterke stavelsane.

    B. Ljodahått

      a. Én strofe er laga av to halvstrofer, kvar på tre linjer.

      b. Av dei tre linjene i halvstrofen dannar de to første eit linjepar som er bunde saman med allitterasjon. Den tredje linja er ein lengre full-linje med sjølvstendig allitterasjon, uavhengig av linjeparet. Drottkvætt Ein eigen komplisert verseform utvikla av skaldane. Heiti Høgtidelege, poetiske ord. Skaldane kunne erstatta haf (hav) med marr og maðr (mann) med gumi. Kjenning Forbinding mellom to eller fleire ord til å uttrykka innhaldet av eit anna ord. I staden for blod bruka skalden sverdets svette.

Google
 

©2024 Asbjørn Goa

Denne siden bruker informasjonskapsler/cookies ifm. statistikk og annonsering.