Norrøn litteratur

Norrøn litteratur:
Om temasiden
Ordforklaringer
Litteraturen
Poesien
Sagadiktning
Snorre Sturlason

Snorre Sturlason (1179-1241)

Punktvis oversikt over Snorre Sturlason:

  • Fødd av høvdingslekt på Island, og oppfostra på garden Odde hos dåtida sin fremste høvding.
  • Odde var eit sentrum for kultur, og der læra Snorre å lesa og skriva.
  • Arbeida seg opp, og vart den rikaste og mektigaste mannen i si tid.
  • Heldt til på garden Reykholt og var både gode og lovseiemann.
  • Opplevde sturlingtida, ein epoke der det var mykje overfall, mordbrannar og avrettingar. På den tida var ætta til Snorre den mektigaste.
  • Reiste til Noreg to gonger: Den eine gongen då Håkon Håkonsson var fjorten år. Han knytte seg til Skule, kongen i Noreg, og gjekk inn i hirda som lendmann. Den andre gongen var då Håkonsson hadde gått sigrande ut som konge. Men Håkonsson stempla Snorre som ein forrædar, og fekk han drepen då han var på Reykholt på Island då han kom heim att.
  • Snorre vart i si samtid oppfatta som ein høvding ikkje som ein forfattar. Men han skreiv likevel dei mest sentrale verka frå norrøn tid: Snorre-Edda og Heimskringla. Snorre-Edda var tydelegvis skrive omkring år 1220 og Heimskringla omkring år 1230.
  • Det er Snorre som har gitt oss det meste me veit om den gamle mytologien, og har også hatt mykje å seie for oppfatninga vår av den gamle historie.
  • Snorre seier sjølv at kjeldene hans er til å stola på. Kjeldene er hovudsakleg byggde på munnlege kjelder, der blant anna kloke høvdingar har vore kjelder.
Google
 

©2024 Asbjørn Goa

Denne siden bruker informasjonskapsler/cookies ifm. statistikk og annonsering.