Norrøn litteratur

Norrøn litteratur:
Om temasiden
Ordforklaringer
Litteraturen
Poesien
Sagadiktning
Snorre Sturlason

Sagadiktning

Soge: Ordet betyr forteljing, og var forteljingar om dåtidas personar den gongen som gjekk på folkemunne. Det var fleire typar soger:

    Islendingesoger, fortel om det dramatiske livet på det nybygde Island.

    Kongesoger, fortel historien om dei norske kongane frå Harald Hårfagre av.

    Riddersoger, oversetjingar frå franske forteljingar.

    Fornaldersoger/lygesoger, eventyrlege forteljingar om helteskikkelser som skal ha levd i fjern fortid.

Realistiske soger: I motsejing til dei meir underholdningsretta riddersogene og lygesogene omhandlar Islendingesoger og Kongesoger om faktiske hendingar. Islendingesogene handlar då også mykje om sterke menn, sterke kvinner og dramatiske handlingar.


Islendingesoger: Det uvanlege eller det som skil seg ut i frå andre soger er at Islendingesogene handlar om vanlege folk, og dei har ein sjeldan litterær kvalitet. Folk frå alle samfunnslag kjem fram, sjølv om høvdingar, storbønder og skaldar har fått mykje plass. Me veit ikkje korleis islendingesogene har verta til. Me veit blant anna ikkje kven forfattarane er. Nedskrivinga av sogene starta på 1200-talet, men handlinga har altså foregått 200-300 år tidlegare. Den finst to teoriar om korleis dei var skrive ned:

    Friprosateorien trur at sogene har eksistert stort sett ferdig i munnleg form, og at dei som har skrive sogene, berre skreiv ned munnlege forteljingar.

    Bokprosateorien meiner at det står ein forfattar bak kvar soge. Sogeforfattarane har berre hatt liten hjelp av munnlege forteljingar, og har elles komponert sogene sjølve.

I dag kjenner me 29 islendingesoger, av forskjellig storleik. Dei største er Njålsoga, Egils soga og Laxdølasoga. Av dei korte er Soga om Gunnlaug Ormstunge og Soga om Ravnkjell Frøysgode dei mest kjente.


Samfunnet i sogene:

    Ein merkar i sogene at ættesamfunnet hadde makt over enkeltmenneske.

    Blodhevn var ein av ættenes måte å forsone seg på. For hvis ein drap ein i ei anna ætt, måtte det bli hevn.

    Kvinnene hadde ein framtredande plass i sogene. Forholdet mellom kvinne og mann vart ofte tatt opp.

    Ærekjensla og lagnadstroen var sterke krefter i enkeltmennesket og samfunnet i sogetida.

Språk og forteljemåte: Det var to krav sogeforfattarane hadde til teksten: Sogene skulle væra historiske, og dei skulle vera underholdande. Dette gjer at sogestilen har visse karakteristiske trekk:

    Synsvinkelen var autoral og refererande. Personane fekk ei objektiv framstilling.

    Personskildringa var prega av det ytre; utsjånad og det dei gjorde.

    Oppbygginga gjer at forteljingane også i dag er spennande. Dei er dramatiske og spenninga bygg opp høgdepunkt.

    I replikkane møter me ordkunsten i sogene.

    Underdrivelse er eit vanleg virkemiddel, dvs. svakare uttrykk enn situasjonen tilseier.

Kongesoger:

    Ågrip, som betyr «utdrag», er namnet på den eldste norgeshistorien me kjenner til frå norrønt språk. Boka er lita og vart tydelegvis skrive i Nidaros i 1190-årene.

    Sverres soge vart også skrive i Noreg. Denne soga forsvarar den omstridte kong Sverre. Den vart skrive i to omgangar; den eine diktert av Sverre sjølv og den andre skrive etter at han var død.

    Heimskringla er storverket frå norrøn tid, skrive av Snorre Sturlason. Boka handler om dei norske kongane fram til 1177, det året Sverre tok kongsnamn.

      Sogene handlar om:

      Kongane fra Halvdan Svarte, faren til Harald Hårfagre, til Magnus Erlingsson.

      Olav den heilage (Den største delen; den fyller aver en tredel av heile verket)

      Namnet Heimskringla har boka fått etter åpningsordene i verket, Kringla himsins, som me kan oversetja med «verdensringen», det vil seie nordskiva. Boka vart også kalla Noregs kongesoger.

Riddarsamfunnet på moten: Noreg var ikkje isolert frå Europa på 1200-talet. Utenlanske impulsar som nådde landet var blant anna ridderromantikk:

    Strengleikar var ei samling kjærleiksnoveller oversett frå fransk til norsk. Noreg fekk frå Europa båe ridderromantikken og dansen. Også det norske hoffet måtte visa ein viss prakt. Det var Håkon Håkonsson som fekk oversetja Strengleikar og fleire andre bøker fordi han personleg var oppteken av litteratur. Forteljinga om Tristan og Isolde vart på norsk til Soga om Tristram og Isond.

    Kongespeilet var ei anna bok skrive på grunn av Håkonsson. Boka handla om livet ved hoffet og var ei slags lærebok. Idealer som måtehold, rettferd og høvisk framferd vart teken opp i boka.

Populærlitteratur: fornaldersogene Også kalla lygesoger var oppdikta historia spekka med overdrivelser, sex og vald, eventyrlege heltar og skurkar. Handlinga foregjekk i Noreg, Island og Gardariket i ei fjern fortid. Desse tekstane var meint som underhaldning. Dei vart nedskrivne på Island i tida 1200 til starten av 1300-talet.

Google
 

©2024 Asbjørn Goa

Denne siden bruker informasjonskapsler/cookies ifm. statistikk og annonsering.